fredag, oktober 28, 2011

Vesle søte Hønse-Lovise og vennene hennar.

Aldri har eg vel kost meg meir med eit arbeid enn eg gjer no!

DSCN4245-vert

Eg produserar julesokkar – og eg får tegna, mala, brodera og pynta på eitt og samme arbeidet :0)

DSCN4236-vert-tile

Først tegnar eg opp eit koseleg motiv -

så er det fram med måling og penslar -

etterpå er det nål og tråd for å brodera rundt smånissane -

så må motivet plasserast og sokken syast -

DSCN4248-vert

og heilt til slutt skal det pyntast med bånd,litt grønt og tova hjerter.

DSCN4246-vert-horz

10 julesokkar er i produksjon,alle med forskjellige motiv. Hønse-Lovise er den søtaste der ho tøflar ut for å henta egg til julefrukosten… – mens Sigurd må vel vera Kongen av Piruettar…?

Dette er salsprodukt, men eg held på med litt smånissebroderi til mitt eige julehus også.

DSCN4250-vert-vert

To puter og ein liten snippduk til hallen skal dette verta. Tenåringen i huset er litt “oppgitt” over at huset flyt av nissar rundt om i oktober månad, men skal det verta ferdig til denne jula må eg nok berre fortsetta med nissar og raud tråd i ledige stunder.

Siste helga i oktober står for døra, me går inn i den mørke november og klokka skal stillast til vintertid. Eg er så smått begynt å venta på snøen og vert som ein unge når dei første snøfillene dansar i lufta, då dansar Nikoline med!!

Ha ei flott helg folkens – eg for min del skal tilbringa heile laurdagen på biblioteket (og håpar på å komma heim til ferdig graut kl.15… las du dette – brannmannen min..??)

onsdag, oktober 05, 2011

Trur du at dei gamle munkane likte blondestas?

  - eg trur – I alle fall nokon av dei…

Eg likar munkar – Bergslien sine munkar – og no har eg tatt det heilt ut. Dei er havna i sofaen saman med meg!

DSCN4074-vert

DSCN4062-horz

Dei er runde og joviale og dei har det rette glimtet i auga. Dei er nokså drikkfeldige og nokså glade i damer.

Eg likar dei….

DSCN4061-vert

Dette er heilt sikkert Andreas, på ein bedageleg rusletur i kveldinga. Han funderar over livet der han tuslar fram på den smale sti.

Eg likar han….

DSCN4065-vert

Og “Han Peder” er den som er mest frimodig av dei.Han likar det vakre og går ikkje av vegen for ein liten flørt.Blir han overstadig frista flytter han bønelekkja bak på ryggen.

Eg likar han også….

DSCN4064-vert

“Johan” er meir fanden-i-volsk og agnar gladeleg med levande frosk på fisketuren.   – og dessuten har han neglesopp på stortærne -

Eg er ikkje heilt sikker på om eg likar han… Aller nådigst får han vera med i sofaen.

DSCN4087-vertDSCN4070-vert

Favorittmunkane er brødreparet “Elias og Pondus”. Dei er alltid blide,dei puslar stort sett i hagen og passar godt på urtebeda men dei har sine svake sider dei også.Elias brukar seine kveldstimar til hekling og brodering, mens Pondus tel mykje på knappane om han har tatt det rette valget her i livet

Åhh… kor eg likar dei….!

DSCN4073-vert

Og trur du ikkje – i all si frimodigheit – ville dei sanneleg ha seg eit nummer også…? (og eit nummer fekk dei)

DSCN4081-vert

Slik drøymer Nikoline seg bort i eventyr og fantasiar, spinn historiar og “døyper” dei med navn, mens ho storkosar seg med å sy nye puter med blonder og stas til sofaen.

Ha ein fin,god dag, med eller uten godslige munkar til selskap:0)

mandag, oktober 03, 2011

Eg er i gang – er du??

Og er du klar over at det er 54 dagar att før me skal finna fram adventstjerna og tenna det første adventslyset…???

DSCN4048-vert

Og som meg så veit du sikkert også kor fort dagane fyk avgårde…. Så no er eg i full gang med julepussel. (Og NEI, det er IKKJE for tidleg!) Skal du riktig kosa deg med det må du begynna no… berre så DET er sagt….

page1

KONGLER – store og små.

Hekla stjerner i lodden angora, litt grønt og eit par små kvite roser.

DSCN4059-vert

MUS – enkle og doble.

page3

Strikka i lodden angora, og dei har med proviant i form av både nøtter og “ost”

Og så har eg lete meg inspirera av Karis Atelier (ei fantastisk dame som veit å nytta naturen!! Du finn bloggen i lenkelista mi)

MOSEKULER – store og små.

DSCN4045-vert

Må ta meg fleire skogsturar så eg kan sanka både kongler,kvistar og reinsmose!

page2

Dett var dett – det er altså som sagt 54 dagar til advent!

Ha ein fin dag:0)