tirsdag, november 30, 2010

Har eg sagt A – får eg også sei B…

Forstår ikkje heilt kva som gjekk av meg då eg inviterte deg med vidare inn i stova, eg likar egentleg ikkje å blogga om romma…. berre om dilldallet INNE I romma.

Vel,vel – kom inn då…

DSCN2142-vert

Med døra på gløtt inn frå hallen.

Haugamoen inne 011-vert

Samme døra på gløtt i fjorvinter.

Haugamoen inne 003-vert

Vidare innover i stova, slik det var -

DSCN2130-vert

Og slik er det no.Me ventar på nye godstolar bortved veggen,får dei til jul:0)

DSCN2128-vert Haugamoen inne 006-vert

Det var LITT å ta fatt på for å sei det forsiktig…

DSCN2119-vert DSCN2126-vert DSCN2118-vert   DSCN2127-vert

Dette får greia seg for denne gongen, for eg må fortelja om ein forelskelse også…eg er hovestups forelska og klarar ikkje begrensa meg på noko vis! Dei som kjenner meg og dei som har fulgt bloggen min desse åra eg har blogga,veit at begrensning ikkje er mi sterke side… og no har det gått ut over ei hylle med sopp hjå Nille…

Eg har dei over alt snart… På kjøkkendisken,  

DSCN2236

DSCN2242

på kjøkkenbordet… og ute… (der var det for mørkt til å ta bilde no i kveld)

Dei kosta ikkje mange kronene heller,og er utruleg fine i form og farge!!

I morgon skriv me desember,og eg ynskjer alle ein flott julemånad med alle forberedelsar som står for døra no – eg stortrives for tida, håpar du også har det fint !!

onsdag, november 24, 2010

DET VAR EIN GONG….

– på slutten av 50-talet – ei lita lyshåra tulle fekk sin aller første tallerken til å eta grauten sin på. Tallerken var den finaste ho hadde sett, to små pusekattar titta fram etter kvart som grauten forsvann.

DSCN2156-horz

Jenta vaks til og syntes ikkje noko særleg om verken graut eller pusekattbilder lenger, men tallerken var like heil og fin så den vart ståande i kjøkkenskåpet. Då jenta vart tenåring spurde mora om ho ville ha tallerken som ho ein gong hadde vore så glad i, men det var inga interresse å spora frå tenåringsjenta si side.

Tiår etter tiår levde tallerken sitt liv i ei mørk bu saman med masse anna som “ var for godt til å kasta”. Ingen hugsa lenger på at det hadde eksistert  ein grauttallerk med bilde av to små kattepusar i botnen.

DSCN2146-tile

50 år seinare,då den vesle jenta var blitt ei godt vaksen dame skulle ho flytta frå dette huset der det var ei bu med masse gamalt “som var for godt til å kasta”. Ho fekk hjelp til å pakka ned alt i kartongar for å levera det til bruktbutikken. Flyttehjelpa bar og bar, til slutt var det att berre ein kartong som dama skulle ta med sjølv. Under “transporten” gjekk det hol på avispapiret rundt ein tallerk, og kva trur du titta fram mellom papiret??? Bilde av to små kattepusar i botnen på ein tallerk….

DSCN2157-horz

Med varsomme hender vart tallerken pakka opp, dama sette seg rett ned med tallerken i hendene og let minna strøyma på.

Skei for skei vart grauten skrapa bort ,først frå fjeset til den grå pusen – så den kvite. Jenta bruka å prata med pusane etterkvart som dei vart frigjorde for graut, og jammen santen tok ho seg sjølv i å sitta og prata for seg sjølv 50 år etterpå også…

DSCN2154-horz

“ Neimen!! Er det pusane mine som er på veg til Brukt`n?? Sjølvsagt skal de ikkje dit – de skal få vera med meg i den nye heimen min og eg skal ALDRI pakka dekan ned att eller stua dekan vekk i ei mørk bu!”

DSCN2148-horz

Og slik vart det. Tilfeldigheitene er mange og underfundige. I dag heng pusetallerken til pynt i tallerkenhylla – når det ikkje er graut i den – og den vesle lyshåra tulla som fekk denne tallerken for lenge,lenge,lenge sidan er sjølvsagt Nikoline På Landet…

SNIPP – SNAPP – SNUTE….

DSCN2160-horz

PS: de skulle jo få vera med inn i stova i dag, men eg syntes det var så mykje koselegare med dette vesle “eventyret” i staden for.

God onsdag til alle, og ta godt vare på gode minner de også:0)

DSCN2152-tile

torsdag, november 18, 2010

Eeendeleg… velkommen inn :0)

Kaos – kaos – kaos !! – og uten nettilgang i nesten ein månad!

Men no går det seg til smått om senn,dagane går med til å tømma på flyttekassar og eg trur eg må verta tryllekunstnar for å få på plass alt… Snekkarane som skal bygga på soverom og bad har framleis ikkje dukka opp, så me søv på eit gjesterom og har garderoben i svarte bossekkar – KJEKT!?? NEIII…!

DSCN2044-tile

I gårkveld såg eg ljost på tilværet – me fekk installert dataen og eg var ikkje sein om å få i gang vidundermaskina mi ! Eit hav av nye innlegg frå kjekke bloggvener skal gåast igjennom og då trur eg eg treng nokre dagar på meg for her var det MASSE NYTT…. Eg kjem på besøk litt etter litt hjå kvar og ein av dekan:0)

Som sagt i overskrifta her – velkommen inn på Junibakken.

oktober2010

Me startar ytterst og slik såg det ut her i fjorhaust. Rommet var tidlegare kjøkken.

DSCN2082-tile

No er det blitt hall/entrè. Dei gamle kjøkkenskapa fekk me ut nokolunde heile så dei skal brukast i drivhuset eg har planar om til våren. Me har kledd veggane med panelplater og malt i lys syrin. Bortsett frå korgstolen er det ingenting nytt i rommet, bord – benk og skap har fått ei oppussing.

DSCN2075-tile

Her er det berre gammalt og arva, men engelen kjøpte eg på plantasjen i fjor og har laga lampe av den ved å legga ei enkel lyskule i hendene hans.

DSCN2057-tile

Frå hallen kjem me vidare inn i stova – men eg let ikkje opp døra dit i kveld… Vil du vera med vidare inn seinare?

Riktig god torsdagskveld til alle mine venner :0)